Også kan eg skrive eit interiør-avsnitt. For eg har endeleg henta dei "nye" gyngestolane. Eg har arva dei av Gunda på Tunge. Pussa treverket og behandla det, og levert dei inn til omtrekking. Og viss du har skikkeleg flaks kjem Marianne til å leggje ut nytt bilete av dei. Ikkje for å leggje føringar.

Marianne meinte denne bloggen skulle vere ein fortsettelse av begge bloggane våre. Skal sant seiast driv eg ikkje med dei store stunta lenger. Må liksom prøve å vere liksom litt seriøs, no som eg er gift.
Ikkje det at eg har begynt på lavkarbo.
Men eg har slutta å gå i slike bukser.

Men meg og Kristian kan stappe gravemaskinskuffer i bagasjerommet på Vectraen.

No er eg heller med på sauesanking. Meg og ungane hadde det roleg på utskikksposten vår. Og sauene kom heim. Dei kan eg ta bilete av seinare ein gong eg er på låven til broderen.

Bloggpinnen går herved tilbake til Marianne.